Energidepartementet forlenger overgangsperioden for den nye nettleiemodellen
Forskrift om effektbasert nettleie trådte i kraft 1. juli 2022. Den nye nettleiemodellen skulle ha en overgangsperiode på to år, til 1. juli 2024. Nå har Energidepartementet forlenget perioden fram til 1. juli 2026.
Energidepartementet
Forlenga overgangsperiode for krav til energileddet i ny nettleigemodell
Nyheit | Dato: 02.05.2024
Energidepartementet forlenger unntaksregelen i dagens forskrift, slik at nettselskapa sine inntekter frå energileddet kan utgjere meir enn 50 prosent fram til 1. juli 2026.
– Me treng eit betre kunnskapsgrunnlag for å vite korleis og om endringane i nettleiga påverkar folk sitt straumforbruk. Ved å varsle forlenginga no, har også nettselskapa gode moglegheiter for å gi god informasjon til kundane sine framover, seier energiminister Terje Aasland.
I ei tid med ekstraordinært høge straumprisar har det vore krevjande for nettselskapa å sjå korleis nettkundane har tilpassa seg til ny nettleigemodell. Innføringa av effektbasert nettleige har lagt til rette for effektiv utnytting av straumnettet og vil på sikt bidra til lågare nettkostnader for straumkundane ved at behovet for nettinvesteringar blir redusert. Forskrift om effektbasert nettleige tredde i kraft 1. juli 2022.
Forskrifta inkluderte ein overgangsperiode på to år (til 1. juli 2024) for kravet om at energileddet maksimalt kan utgjere 50 prosent av nettselskapa sine inntekter frå kvar kundegruppe. Energidepartementet forlenger no overgangsperioden med to år, til 1. juli 2026.
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) har fått i oppdrag å evaluere nettleigestrukturen til nettselskapa, og dette blei varsla før den nye nettleigemodellen tredde i kraft sommaren 2022. Departementet utset no RME sin frist for å levere utgreiinga til 1. november 2025, i lys av at overgangsperioden blir forlenga.